Jorunn sin blogg

January 31st, 2010

Tullepad

Posted by Jorunn in klaging, svada, teknologi

Ok. No tenkte eg at eg at eg skulle blogge om den sogeomsuste iPadden. Er det forresten lov å skrive padden og podden? Uansett. Sjøvl om eg innerst inne ikkje hadde forventa noko anna av Apple, så håpa eg at surfebrettet i dey minste skulle kome med eit operativsystem. For då kunne eg ha arbeidd skikkeleg i photoshop med meir. Og kanskke til og med installert Windows 7. Men neidå. Applikasjonar, applikasjonar og atter applikasjonar. Typisk Apple. iPadden har ingen andre eigenskapar enn kva telefonen min har. Jau, telefonen min har til og med kamera og moglegheiten for å ringe og sende sms. Surfebrettet er med andre ord ein stor iPod touch. Ikkje er det mogleg å multitaske med andre program enn Apple sine eigne. Ikkje noko stort sjokk der. Så om du skal chatte eller høre på Spotify kan du ikkje gjere andre ting samstundes, og må finne de i å stirre på Spotify sitt vindauge. Teit. I tillegg har den jo ingen hdmi, usb eller noko som helst. Så ein iPad har eg aldeles ikkje tenkt å betale fire- fem tusen for.

Og i tillegg så er det mange som har funne på en slik dings før, men av ein eller anna obskur grunn er det alltid Apple som får oppmerksemd og suksess.

January 27th, 2010

Comic Bullshit

Posted by Jorunn in hat, svada

comicbs1

Eg sat på bussen på veg til sjukehuset i dag og bestemte meg for å sjå ut vindauget, og va såg eg der? Jau, ein varebil frå eit byggjefirma. Ikkje berre var det eit utruleg oppfinnsamt firmanamn (det var heile namnet på han som starta firmaet, antagelegvis), men namnet, adresse og telefonnummer var skrive med Comic… Wait for it… Sans. Comic Sans. Æsj, kor stygt. Eg fattar virkeleg ikkje kvifor bedrifter vel Comic Sans. Er det for å appellere til femåringar? Er det for å virke hip og cool? Eller kanskje det verste: Er det fordi dei trur det er ei FIN skrift? Nei, altså det finst grense. Alle, til og med dei som ikkje er i mediabransjen, veit at om ein har lyst til å bli teke seriøst så skal ein aldeles ikkje bruke Comic Sans med mindre det er snakk om plakatar i barnehagen eller i amatørteikneseriar.

January 25th, 2010

Au

Posted by Jorunn in svada

Etter å ha gått bortimot ein månad utan å tryne på isen så var det ei sjølvfølge at det måtte skje. På laurdag sklei eg to gongar, og eg føler meg mørbanka. Is er farleg, og eg forstend ikkje kva som gjer at dei ikkje kan strø litt grus på fortaua.

Uansett. Kjærasten meiner eg snart burde få meg mitt eige domene og slutte å snylte på han. Problemet er berre at eg ikkje veit kva eg skal velje. Eit domene må vere artig, kort, fengande og lett og hugse, samstundes som det skal vere ein liten peikepinne på kva bloggen (eller kva det måtte vere) handlar om. I tillegg er nesten alle dei gode namna brukt, og eg er ikkje av den kreative typen. Til og med etternamnet mitt er tatt. Eg som trudde eg hadde eit rart og lite brukt etternamn. Waage. Ikkje er det seriøse eller nyttige sider heller. Snakk om å øydeleggje for andre!

Nei, det skal ikkje vere lett.

January 21st, 2010

Ti ting om meg

Posted by Jorunn in svada

Så. Etter inspirasjon frå Janthira, og fordi eg ikkje hadde noko betre å ta meg til har eg skrive ned ti fakta om meg. Enjoy.

1. Eg har ein hemmeleg draum om å vere anten lead singer eller gitarist i eit rockeband.

2. Eg har litt lyst til å bli fotograf

3. Eg har sinnsjuke forventningar til meg sjølv og blir lett skuffa.

4. Eg er veldig glad i sko og accessories.

5. Eg er ein av dei som ikkje tykkjer sylteagurk er noko stress.

6. Eg er eigentleg ganske glad i å spele Xbox. Då spesielt Halo saman med Malena.

7. Eg er litt nerd. Ikkje supernerd, men berre litt.

8. Eg skulle ynskje eg var supernerd.

9. Eg ser på alt for mange TV-seriar.

10. Eg har veldig lyst å vere pirat. Eller spele dottera til Captain Jack Sparrow i ein ny Pirates of the Caribbian.

January 20th, 2010

Brilleslange

Posted by Jorunn in svada

No er det bekrefta. Eg treng brille. Heldigvis ikkje brille eg må bruke heile tida, men som eg helst bør bruke på skulen og når eg sit framfor datamaskina. Eg er nemlig litt nærsynt. 0,25 på begge auga. Ikkje så mykje, men nok til at det blir ekkelt å fokusere frå skulebok/pc-skjerm til tavle. I tillegg har det seg slik at eg har dårleg samsyn. Når eg fokuserar på noko, så nærast kryssar augene mine seg og det gjer det også litt ekkelt å sjå av og til. Og på grunn av det blir brilleglasa mykje dyrare. Typ 800 per stk. Wow. Brille er ganske dyrt for å vere så naudsynt.

Jaja. Vi satsar på at eg vinn 43 mill i vikinglotto i kveld.

January 17th, 2010

Norsk, kva er det?

Posted by Jorunn in svada

Eit kåseri eg har skrive på skulen.

Jeans. I dag har eg på meg jeans. Eg har på meg jeans og skriv ein stil på laptoppen. Eg har på meg jeans og skriv ein stil på laptoppen som eg skal snart skal printe ut.

Det er så vanleg å bruke engelske ord og uttrykk i daglegtalen at eg faktisk har store problem med å skrive eit einaste avsnitt utan at det snik seg inn eit engelsk ord. Det har kome så langt at eg ikkje tenkjer over det eingong. Kvar dag brukar eg sikkert godt over 100 uoverlagte engelske ord. Betyr dette at eg er i ferd med å miste min nasjonale identitet?

Dei fleste nordmenn bur i Noreg, snakkar norsk og heiar ihuga på det norske landslaget i fotball. Men likevel er vi i ferd med å distansere oss frå det norske. Vi snakkar meir og meir engelsk, vi ser på engelske TV-program, vi høyrer på engelsk musikk og vi les engelske nettsider. Aldri før har Noreg vore så lite norsk som vi er i dag. Det har faktisk gått så langt at min eigen far, som er født og oppvakst på ein vestlandsk gard har byrja å sende meg tekstmeldingar (eller sms-ar, om det er meir forståeleg) på engelsk. Eg trudde eg skulle bikke av stolen når ”Are you coming home today?” dukka opp på skjermen. ”Nei”, svara eg. ”Ikkje før du sluttar med det vrøvlet der!”. Han svara meg aldri. Kva har skjedd med den ihuga nasjonalismen som ein gong budde i oss? Var det ikkje ein gong slik at vi ville slutte å skrive dansk og få vårt eige språk? Har vi gått lei av det norske språk, og vil prøve oss på noko nytt?

Det hadde jo vore litt greitt om alle hadde eitt felles språk. Då hadde det vore lettare å kommunisert kvarandre. Om alle snakka same språket hadde vi ikkje hatte det skeive tårnet i Pisa. Det hadde berre vore tårnet i Pisa. Ingen stor attraksjon der, nei! Om alle hadde hatt same språket, så kunne alle hatt same måleeiningar. Då hadde nok alt blitt mykje enklare. ”Var det tre inch med tau du skulle ha, sa du? Ehh, skal vi sjå. Tjue centimeter? Tjuefem? Høhø, det blir trettifem kro.. tre pund det, ver så god, hei hei…”

Det er klart det ikkje er lett å distansere seg frå alle dei nyskapande produkta som kjem og tek oss med storm med sine engelske namn. iPhone. Espresso. Skateboard. Eg har sjølv ein iPhone, men eg snakkar ikkje engelsk av den grunn. Eg kallar min iPhone for ein talartut, og ferdig med det. Vi kan jo finne på nye ord for alle slike engelske merkevarenamn.Skateboard kan bli rullebrett, screenshot kan bli skjermskot, espresso kan bli litan-kopp-med-kjempemykje-koffein.

Ein anna ting som eg tykkjer er ufyseleg med denne engelsken er ordet you. Det kan både bety du og dykk. Det er nesten umogleg å vite om ein person snakkar spesielt til deg, eller om han snakkar til heile forsamlinga. Forbaska engelskmenn. Men ikkje nok med det. Dei har mange ord som kan bety det same. Orange er både ein farge og ei frukt. Trip betyr både å falle/snuble i noko og å reise på tur. Nei, det er ikkje lett å skjøne seg på. Farmora mi har store problem med engelsk. Ho skjønar ikkje eit kløyva ord. Kva skulle skje med ho dersom alle plutseleg byrja å snakke engelsk? Ho har problem nok som det er med å lære seg forskjellen på thank you og please.

Om heile verda skulle byrje å snakke engelsk, hadde alle land mista sin identitet. Vi hadde ikkje hatt noko særpreg. For det er ikkje berre språket vi tek til oss, det er heile kulturen. Vi får ikkje berre computer, chair og good bye, vi får ogsåthanksgiving, 4th of July og ein heil bunsj med engelsk historie også. Det hadde ikkje lengre vore nokke Noreg. Det hadde vore England-Noreg. Vi hadde på ny mista den sjølvstenda vi for mange år sidan kjempa til oss. Framtida sine barn ville ha lurt på kva norsk var, og dei ville lært om at det var det språket vi snakka før engelsken kom. Vi må ta vare på det norske språket, kulturen og skikkane våre. Vi kan godt lære oss engelsk, men vi må berre passe på så han ikkje tek heilt over språket og den nasjonale identiteten vår.

Dongeribukse. I dag har eg på meg dongeribukse. Eg har på meg dongeribukse og skriv ein stil på den berbare datamaskina mi. Eg har på meg dongeribukse og skriv ein stil på den berbare datamaskina mi som eg no skal skrive ut.

January 15th, 2010

Sitatstafett

Posted by Jorunn in svada

Har bitt utfordra av Ingrid og tørr ikkje anna enn å ta utfordringa med eit smil (hehe). Tingen er at ein skal skrive eitt eller feire sitat som ein tykkjer er morosame og sende stafettkjeppen vidare. Eg sender kjeppen til Janthira.

Eg angrar at eg nokon gong har skrive eit bokmålsord. Eg lovar at det aldri skal hende meir. - Lars Amund Vaage

Dette sitatet har eg forøvrig på russekortet mitt, og eg tykkjer det er litt artig. Ikkje misforstå meg, eg har ingenting imot riksmålet.

Elles er eg veldig glad i sitat frå vår kjære Ibsen, men det skal eg spare dykk for og heller lime inn noko som kanskje ikkje er eit sitat (ikkje er det særleg artig heller), men ein del av ein songtekst.

We drown our doubts, in dry champagne, and soothe our souls with fine cocaine - Billy Joel

Er eg kul eller kva?

January 10th, 2010

Dette vert eit litt klissete katteinnlegg.

Posted by Jorunn in svada

pusen

Eg og min kjære bestemte oss for å skaffe oss ein kattunge, sidan vi er katteelskarar begge to. Vi fann ei annonse i nytt i uka som såg bra ut, snakka med dama og fekk tilsendt eit bilete. Vi vart begge forelska med ein gong, sjølv om Bjørn eigentleg ikkje er særleg tilhengjar av langhåra kattar, som etter mi personlege meining er dei beste.

Sidan eg bur på hybel som ikkje er særleg kattevennleg, vart vi einige om at den lille rakkeren skal bo ute med Bjørn og kome på besøk til meg innimellom. I helga var han på hybelen min og såg faktisk ut til å trivast. Han låg stille og fint når eg og Bjørn spela Fable II, som forøvrig er eit knallspel!

Fin helg.

January 4th, 2010

Kroppsøving

Posted by Jorunn in hat, klaging

Det verste eg veit må nok vere kroppsøving. Det er det teitaste faget eg nokon gong har vore borti. Det er verre enn sløyd (og eg er ein veldig dårleg handarbeidar), og det er verre enn spansk og religion. Jau, kanskje til og med historie og politikk. Kroppsøving kunne i det minste ha vore valfritt, slik at sportsidiotane og dei andre som har behov for å røyve på seg får gjort det. Ikkje for oss andre som aldri har vore flink i idrett, og som får blåkular og senestrekk seg kvar einaste krø-time. Karakteren trekk ned gjennomsnittet og han er berre til bry. Dustefag, altså. Kanskje eg skal stille til val som utdanningsminister, så skal eg ta knekken på heile kroppsøvinga slik at INGEN får ha kroppsøving i det heile tatt. Mwahahaha. Trene kan ein vel gjere på fritida, den som vil.

January 1st, 2010

Nytt år, nye moglegheiter og ny blogg!

Posted by Jorunn in svada


nyttar1

nyttarsaftan

Godt nyttår!